Kanskje den beste folkehøgskulen i Norge
I lag med dyktige folk rundt deg får du utvikla ditt talent!

Kanskje den beste folkehøgskulen i Norge
I lag med dyktive folk rundt deg får du utvikla ditt talent!
Velje mellom 9 linjer:
Artist og låtskrivar-linje
På Manger ligg alt til rette for at du skal kunne utvikle deg som songar, artist og som låtskrivar! I eit kreativt miljø kan du uttrykke deg frå scena, i studio og i øvingsromma saman med andre musikarar som deler den same lidenskapen for musikk. Les meir
Band: Scene og studio-linje
Har du ambisjonar og godt gehør – eller ein av delane – men manglar band? Ta med deg instrumentet ditt og din musikkstil, og bli betre i begge delar. Du får prøva deg både på scenekanten og i studio. Manger er ein kreativ plass og musikken stilnar ikkje sjølv om skuledagen er over. Les meir
Brassband-linje
Me er stolte over å ha den einaste brassbandlinja i landet. Du som har slite ut nokre sko i skulekorpset, og er klar for meir; på Brassbandlinja får du akkurat det: meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Samspel med dei andre elevane – i små og store ensemble – pågår heile tida. Les meir
HipHop-linje
Eit dykk inn i rapping, hiphop-musikken, kulturen og den korte, men svært innhaldsrike historien. Eit dykk inn i tekstskriving, av smarte, spyttende og morsomme linjer med ditt budskap. Linjer som du formidler på scenen og i studio. Les meir
Musikk, bu og fritid-linje
Musikk-, bu- og fritidslinja er spesielt for deg som treng tilrettelagt og tilpassa opplæring. Bli sjølvstendig, møt nye vener og finn dine kreative krefter! Les meir
Musikk og media-linje
Ynskjer du å laga ein musikkvideo? Vil du laga livestream av konsertar eller førestillingar? På Musikk og media får du innføring i foto- og videoteknikk, bilderedigering og medieproduksjon. Gjennom tett samarbeid med våre andre linjer får du jobbe med artistar, produsentar og komponistar med å skape og utvikle både image og produkt. Les meir
Musikkproduksjon-linje
Kva skjer frå ein får ein melodi i hovudet til ein fiks ferdig låt strøymer frå høgtalaren? Kva skal til for å styra spakane i eit lydstudio eller på ein konsert? På linja Musikkproduksjon får du svar, teoretisk ballast og rikeleg med erfaring frå skulen sine studio. Les meir
Skapande skriving-linje
På Skapande skriving kan du gjennom sjangeruavhengige skriveøvingar, lesing, konstruktive tilbakemeldingar i gruppe utvikle din eigen forteljing og lære om ulike aspekt ved tekstskriving. Gjennom skriveøvingar lærar du å bygge historier og karakterer, og utvikle miljøskildringar. Les meir
Stipendiat-linje
Var folkehøgskuleåret noko som gav meirsmak? Då kan du søke stipendiatlinja ved Manger folkehøgskule. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar. Hovudfokuset vårt er å utvikle talentet ditt som vokalist. Med band, som solist, på scenen og i studio. Les meir
Hits: 751