Vil du oppleve magien i ditt eiga band?

Godt samspel gir magiske opplevingar både for utøvar og publikum! På Manger folkehøgskule skal du få oppleve begge delar. 

Vil du oppleve magien i ditt eiga band?

Godt samspel gir magiske opplevingar både for utøvar og publikum! På Manger folkehøgskule skal du få oppleve begge delar. 

Band: Scene og studio

Har du ambisjonar og godt gehør – eller ein av delane – men manglar band? Ta med deg instrumentet ditt og din musikkstil, og bli betre i begge delar. Du får prøva deg både på scenekanten og i studio. Manger er ein kreativ plass og musikken stilnar ikkje sjølv om skuledagen er over.

Meir om linja

På Band: scene og studio er det fokus på samspel, musikkformidling og låtskriving. Du får rikeleg med anledningar til å opptre framfor eit publikum, både på skulen og utanfor. I skulen sine studio spelar du inn låtar saman med elevane på Musikkproduksjon og Artist og låtskrivar.

På Manger møter du ungdom med bakgrunn frå ulike sjangrar, med ulike inspirasjonskjelder og med gode basisferdigheiter på instrumentet. Saman får de gode og lærerike opplevingar både i studio og på scenen. Skulen kan tilby moderne og godt utstyrte øvingsrom som er opne fram til 22.00 alle dagar.

Fire linjer – tett samarbeid

Band: scene og studio, Artist og låtskrivar, Hiphop og Musikkproduksjon er fire linjer som samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.

Linjene har fleire fellesfag. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen til Los Angeles er inkludert i skulepengane.

Utstyr og fasilitetar på skulen

På Manger folkehøgskule er me stolte over å ha ein heilt sjuk utstyrspark som spenner frå moderne datadrive utstyr til det akustiske og vintage.  

Meir info
Studietur

Linjene Artist og låtskrivar, Band: scene og studio, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider mykje i løpet av skuleåret og det er derfor naturleg å dra på studietur saman. Målet for studieturen er å besøke nokre av dei mest nyskapande og hippaste miljøa i musikkbransjen. Tidlegare har turen gått til London, New York og Los Angeles, og me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage! Me besøker studio, scener og utøvarar frå mange ulike sjangre som kan dele av sine erfaringar og sitt kjennskap til det lokale musikklivet. Vi går også sjølvsagt på konsertar og forsøker å få med oss så mykje som mogleg av den lokale kulturen på alle måtar.

For skuleåret 22/23 er reisemål framleis usikkert, men me vil oppdatere denne sida så fort det er bestemt. Skulen må til ein kvar tid rette seg etter reiseråda til FHI og UD.

På turen til LA i April 2019 hadde vi mellom anna dette på programmet:

  • Masterclass med Wayne Miller i Selma studio, Hollywood. Tema: Vokalproduksjon
  • Omvisning i EastWest studios på Sunset boulevard i Hollywood.
  • Besøk hjå APG Studios
  • Masterclass med Merethe Soltvedt. Tema:
  • Låtskriving
  • Masterclass i REV9 studio. Tema: Innspeling av band

Av konsertar fekk vi med oss:

  • Kansas
  • Murs
  • Quinn XCll
  • Ben Rector
  • Alex Machacek (the Baked Potato)

Uansett reisemål kan me garantere ein innhaldsrik og spanande studietur du aldri vil gløyme

Fag i faget
  • Musikkteknologi med Logic Pro X
  • Bruk av mikrofonar.
  • Produksjon og arrangement.
  • Miksing. Bruk av verktøya EQ, kompressor, reverb.
  • Musikkteori
  • Bransjelære