Lag låtar og beats!
Bli kjent med software, teknikkar og metodar!

Lag låtar og beats!
Bli kjent med software, teknikkar og metodar!
Musikkproduksjon
Me gler oss til å visa deg det profesjonelle utstyret vårt og gjera deg kjent med god lyd. Har du ein musikkprodusent i magen?
Kva skjer frå ein får ein melodi i hovudet til ein fiks ferdig låt strøymer frå høgtalaren? Kva skal til for å styra spakane i eit lydstudio eller på ein konsert? På linja Musikkproduksjon får du svar, teoretisk ballast og rikeleg med erfaring frå skulen sine studio.
Meir om linja
Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode innspelingsrom.
Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk «hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon – oftare med ein mikrofon i handa enn ein blyant. Innanfor dette fagfeltet er det viktig å eksperimentera, både med software, ulike mikrofonar og plasseringar, produksjonsteknikkar og -metodar.
Vi tar for oss heile prosessen:
- lage låtar og beats
- produksjon og arrangement
- innspeling og redigering
- miksing og mastering
Fire linjer – tett samarbeid
Band: scene og studio, Artist og låtskrivar, Hiphop og Musikkproduksjon er fire linjer som samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.
Linjene har fleire fellesfag. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen til Los Angeles er inkludert i skulepengane.
Utstyr og fasilitetar på skulen
På Manger folkehøgskule er me stolte over å ha ein heilt sjuk utstyrspark som spenner frå moderne datadrive utstyr til det akustiske og vintage.
Meir info
Studietur
Linjene Artist og låtskrivar, Band: scene og studio, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider mykje i løpet av skuleåret og det er derfor naturleg å dra på studietur saman. Målet for studieturen er å besøke nokre av dei mest nyskapande og hippaste miljøa i musikkbransjen. Tidlegare har turen gått til London, New York og Los Angeles, og me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage! Me besøker studio, scener og utøvarar frå mange ulike sjangre som kan dele av sine erfaringar og sitt kjennskap til det lokale musikklivet. Vi går også sjølvsagt på konsertar og forsøker å få med oss så mykje som mogleg av den lokale kulturen på alle måtar.
For skuleåret 22/23 reiste me til London.
I London hadde vi mellom anna dette på programmet:
Av konsertar fekk vi med oss:
Uansett reisemål kan me garantere ein innhaldsrik og spanande studietur du aldri vil gløyme
Fag i faget
- Musikkorientering
- Høyrelære
- Låtskriving
- Musikkteori
- Bransjelære
- Individuelle timar på instrument/produksjon.
- Lær å bruke eit profesjonellt lydstudio med analog API mikser.
- Logic Pro X og Pro Tools. (Nokon velgjer å fokusere på software dei allerede kan, f.eks. FL, Ableton)
- Bruk av mikrofonar.
- Produksjon og arrangement.
- Miksing. Bruk av verktøya EQ, kompressor, reverb.
Hits: 27