Filmmusikk
Drøymer du om å laga musikk til film? Vil du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film? Kanskje er du interessert å laga musikk til andre visuelle medium, kanskje spel?
Ny linje
Linja er for deg som vil lære om filmmusikk og skape oppleving innan musikk og bilete.
Filmmusikk – Musikk og media
Drøymer du om å laga musikk til film? Vil du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film? Kanskje er du interessert å laga musikk til andre visuelle medium, kanskje spel? Me lever i ei tid med mange visuelle og musikalske uttrykk, her er det berre fantasien som set grenser.
Vi tilbyr både heil- og halvårskurs.
Meir om linja
Filmmusikk er eit av faga på Musikk og media. Du kan fordjupa deg i kunsten å laga filmmusikk, musikk til film/videoprosjekt eller noko anna du ønskjer laga ein musikk opplevning til.
Me har fleire spennande musikklinjer på skulen og legg stor vekt på samarbeid mellom linjene. Me har felles undervisning når det er relevant og samarbeider ofte på tvers av linjene. Hos oss er er det mange moglegheiter for musikalsk og filmatisk utfoldelse ut i frå dine interesser.
Dei musikalske interessene dine er viktig for oss, du vil få mykje tid til å jobba i den retninga du sjølv ønskjer, også i samarbeid med andre.
Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.
Dette er noko av det me kjem til å jobba med i løpet av skuleåret:
* Musikkteori, hørelære og arrangering
* Komponering av musikk til film og andre visuelle medium
* Produksjon av filmmusikk
* Virtuelle instrument og MIDI komposisjon til film
* Teknikker, metodar og omgrep innan filmmusikken
* Praksis med narrative kortfilmar
* Lyd til film, og innspeling av musikk
* Filmmusikk historie
* Opplæring i Logic Pro X
* Grunnleggende redigering
Me har starta eit samarbeid med filmkomponist, Morten Rognskog, som vil vera gjestelærar på skulen.
Meir info
Fag i faget
Views: 200