Kanskje den beste folkehøgskulen i Norge
I lag med dyktige folk rundt deg får du utvikla ditt talent!
Kanskje den beste folkehøgskulen i Norge
I lag med dyktive folk rundt deg får du utvikla ditt talent!
Musikkfolkehøgskulen på Vestlandet
Manger er ein frilynt folkehøgskule med rundt 60 elevplassar, og ligg på Manger i Alver kommune utanfor Bergen. Skulen har mange linjer, moderne fasilitetar og lærarar med høg kompetanse. Ein liten skule med fullt fokus, store ambisjonar og mange forventningar.
Kvifor velje Manger?
Manger folkehøgskule er for deg som vil utvikle talentet ditt i eit kreativt miljø. Du møter erfarne og dedikerte lærarar som dekkjer eit breitt fagområde.
- Skulen har moderne utstyr og fasilitetar
- Du er tett på kulturlivet i Bergen
- Studietur er inkludert i prisen
- Liten skule – tett miljø
- Eit år med opplevingar, progresjon og læring
- Me har god erfaring med tilrettelegging for ulike behov
Dette står vi for
Manger er ein frilynt folkehøgskule. Dialog, miljøengasjement, interesse og entusiasme pregar skulen. Målet er at du neste vår skal kunne seia: Eg er eit rikare menneske, eg kan meir, eg veit meir, eg bryr meg om meir.
Skulestart 24/25
Måndag 26. august Frammøte for elevane på Stipendiat-linja.
Tysdag 27. august Frammøtedag og første skuledag.
Views: 927