Musikk & Media

Om linja
Ser du lyd i bilete – eller bilete i lyd? På Musikk og media kan du utforska sampelet mellom musikk, film og visuelle uttrykk. Her lærer du å formidla historier gjennom lyd, bilete og rørsle – frå idé til ferdig prosjekt.
Du får innføring i filmmusikk, medieproduksjon, komponering, lydteknikk, film- og fototeknikk, redigering, dramaturgi og sosiale medium. Du kan fordjupa deg i Filmmusikk eller Medieproduksjon, alt etter kva du brenn for.

Meir om linja
.avif)
Studietur
Musikk og media reiser på studietur saman med Rytmisk musikk. Dei siste åra har turen gått til London, medan dei i fjor besøkte Kraków. Der fekk elevane oppleve spennande musikkmiljø, profesjonelle studio og ikkje minst det sterke historiske perspektivet ved å vitje ein av konsentrasjonsleirane. Studieåret 25/26 går turen tilbake til London for å ta pulsen på det levande musikkmiljøet i byen.
.avif)
Gjestar - Masterclass
Kvart år inviterer vi aktuelle gjester med ulik mediekompetanse. Målet er å utvide horisonten til elevane og gi dei innblikk i mediemiljøet utanfor skulen. Vi har starta eit samarbeid med filmkomponist, Morten Rognskog, som vil vera gjestelærar på Musikk og media.
Linjeaktivitetar

Filmmusikk
Drøymer du om å laga musikk til film, spel eller andre visuelle uttrykk? På Filmmusikk lærer du å komponera og bruka lyd til å forsterka stemning, forteljing og uttrykk.

Medieproduksjon
Er du ein som ser bilete når du høyrer musikk – eller høyrer musikk når du ser bilete? På Medieproduksjon får du utforska korleis lyd, film og forteljing kan smelta saman til sterke uttrykk.
Bilder fra linja



.avif)
.avif)
.avif)