Praktisk informasjon

Opptakskriterier
Aldersgrense 16 år
Aldersgrense 16 år.
Fordeling av instrument
Vi må ha ei formålstenleg fordeling av instrument på dei ulike linjene.
Motivasjon
Motivasjon for det faglege og sosiale tilbodet på skulen. Derfor er det viktig at du skriv litt om deg sjølv i søknaden og kvifor du har lyst til å gå på Manger folkehøgskule. Opptak skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar.
Jamn kjønnsfordeling
Vi prøver å ha ei jamn fordeling av jenter og gutar på dei ulike linjene.
Opptak 15. november
Opptaket startar 15. november og skjer fortløpande fram til skulestart.
Ingen karakterkrav
Vi er er ein open skule, utan karakterar, pensum eller eksamen. Tidlegare karakterar tel ikkje ved opptak.
Prisar 2026/2027
Du kan få eit studielån frå Lånekassen utbetalt inntil kr 151 650,- i året.
60% av denne summen er lån, 40 % er lån som kan bli omgjord til stipend
når du får godkjent året ditt på folkehøgskule.
For å få gjort om lån til stipend, kan du ikkje ha udokumentert fråvær som
overstig 10 %.
Dersom du tek fullt studielån:
Studielån kr 151690
– betaler skulepengar kr 143750
= Har du til overs 7940 kr i året.
Det vil seie kr 794,- til overs i mnd. når rekninga frå skulen er betalt.
Innmeldingspenger
kr. 2 750,-
Rom og mat
kr. 91 000,-
Undervisningsmateriell og linjeutgifter
kr. 21 000,-
Studietur og ekskursjonar
kr. 29 000,-
Tilleggsutgifter for enkeltrom
kr. 6 000,-
Totalt
Fra kr. 143 750,-
Stipend og lån
Fellesfag

Skulekoret
Skulekoret øver ein gong i veka og blir leia av Silje Louise Spurkeland. Koret held fleire konsertar gjennom året og avsluttar tradisjonelt i kyrkja ved spesielle høve. Framsyningane deira skapar alltid ei varm og vakker stemning.

Morgonsamling
Morgonsamlinga er ein felles, hyggeleg start på dagen. Dei fleste dagar er det elevane sjølve som står for innhaldet og gjennomføringa, og det blir set opp ei oversikt over kven som har ansvar dei ulike datoane. Innhaldet varierer frå gruppe til gruppe: Nokre speler eller syng, andre viser ein video eller delar noko dei synest er interessante eller viktige. Kvar morgonsamling blir avslutta med «ord for dagen».
Valfag

1. periode haust 2026
1. periode haust 2026 kan du velje mellom fem valfag. 1. Skriveverkstad 2. Heilårsbading 3. Bootcamp 4. Lesekos (elevstyrt) 5. Yoga

Skriveverkstad
Dette valfaget er for deg som ønskjer å lære meir om notasjon og ulike notasjonsprogram. Kanskje er du heilt ny og vil utforske kva programma kan brukast til, eller kanskje ønskjer du å utvikle ferdigheitene dine i Sibelius, Dorico, MuseScore eller andre musikkprogram. Du får tid og rettleiing til å arbeide med eigne prosjekt og interesser. Det kan vere komponering, arrangering eller tilrettelegging av notar til musikalske framføringar. Her får du høve til å utvikle deg og bruke programma til det du sjølv har behov for!

Heilårsbading
Vi tilbyr sjøbading gjennom heile året. Sjøen frys sjeldan til her vest, men kaldt er det – garantert. Valfaget blir leia av, Helga Vetås, ein erfaren heilårsbadar gjennom mange år. Dette er eit forfriskande tilbod for dei modige som vil utfordre seg sjølve med eit kjølande ettermiddagsbad.

Bootcamp
Her får du utfordra både uthald, styrke, funksjonalitet, balanse og viljestyrke! Vi varierer treningsøktene frå veke til veke, slik at du får prøve ulike øvingar og trenings-former. Kvar økt varer i om lag 45 minutt, etterfølgt av 15–20 minutt med uttøying. Vi brukar hovudsakleg kettlebells, hantlar og øvingar med eiga kroppsvekt. Du treng ingen tidlegare treningserfaring for å vere med – alle øvingane kan tilpassast ditt nivå, og du gjennomfører økta i ditt eige tempo!

Lesekos (elevstyrt)
Eit skikkeleg koseleg valfag for deg som likar å lese – eller som har lyst til å finne lesegleda! Vi startar med ein liten, uformell prat om alt mogleg mellom himmel og jord, før vi finn fram bøkene våre og slår oss ned i sofaen i FA. Du vel sjølv kva du vil lese, og i kva format: papirbok, e-bok, lydbok eller noko heilt anna. Vi avsluttar timen med ein liten prat om det vi har lese, men det er sjølvsagt heilt frivillig å dele. Her handlar det om å senke skuldrene, kose seg og nyte ei god leseøkt!

Yoga
Valfaget gir ei innføring i enkel yoga og meditasjon, med fokus på ro, nærvær og mjuke bevegelsar. Timane blir leia av, Jane G. Westervik, som skapar ei trygg og avslappa ramme for både nybyrjarar og dei med litt erfaring.
Årsplan
Det er undervisning dei fleste laurdagane, til vanleg i tida 10:30 – 14:00, men også ein del laurdagskveldar (elevkveldar).
Det er også ein del obligatoriske aktivitetar på kveldstid og på enkelte sundagar.
I samband med feriar er det lurt å bestilla rimelege tog- og flybillettar i god tid. Det anbefales òg å bestilla tog- eller flybillettar til dagen etter obligatoriske arrangement.
Første skuledag etter feriar startar undervisninga til vanleg tid. Frammøte kvelden før vil vera nødvendig for dei som ikkje bur nær skulen.
NB! Det kan verta endringar på skuleruta.
August
25. august
Frammøte for elevane på Stipendiat-linja. Oppmøte mellom kl. 12:00 og 18:00.
26. august
Frammøtedag og første skuledag. Oppmøte mellom kl. 12:00 og 18:00.
September
Bli kjent månad
Oktober
2. oktober
Foreldrefest. Obligatorisk kveldsarrangement.
3. – 11. oktober
Haustferie.
12. oktober
1. skuledag etter haustferien.
November
7. november
Fri-laurdag. (Undervisninsfri frå kl 14. fredag 6.11.)
16. – 20. november
Prosjektveke/Novembertur.
Desember
17. desember
Julekonsert (avslutting haustsemesteret). Obligatorisk julekonsert.
18. desember – 4. januar
Juleferie. Skulen er stengt.
Januar
5. januar
1. skuledag etter juleferien.
30. januar
Fri-laurdag. (Undervisningsfri frå kl. 14 fredag 29.01.)
Februar
27. februar – 7. mars
Vinterferie. Skulen er stengt.
Mars
8. mars
1. skuledag etter vinterferien.
20. mars - 29. mars
Påskeferie.
Skulen er stengt.
30. mars
1. skuledag etter påskeferien.
April
🌞
Mai
15. mai Avslutningskonsert
16. mai Heimreisedag
August
24 august
Frammøte for elevane på Stipendiat-linja. Oppmøte mellom kl. 12:00 og 18:00.
25. august
Frammøtedag og første skuledag. Oppmøte mellom kl. 12:00 og 18:00.
September
Bli kjent månad
Oktober
8. oktober
Foreldrefest. Obligatorisk kveldsarrangement.
9. – 17. oktober
Haustferie.
18. oktober
1. skuledag etter haustferien.
November
6. november
Fri-laurdag.
Fredag før fri-laurdag er det ikkje undervisning etter lunsj.
22. – 26. november
Prosjektveke/Novembertur.
Desember
16. desember
Julekonsert (avslutting haustsemesteret). Obligatorisk kveldsarrangement.
17. desember – 2. januar
Juleferie. Skulen er stengt.
Januar
4. januar
1. skuledag etter juleferien.
29. januar
Fri-laurdag. Fredag før fri-laurdag er det ikkje undervisning etter lunsj.
Februar
26. februar – 5. mars
Vinterferie.
Skulen er stengt.
Mars
6. mars
1. skuledag etter vinterferien.
April
8. april - 17. april
Påskeferie
18. april
1. skuledag etter påskeferien.
Mai
12. mai
Avslutningskonsert
13. mai
Heimreisedag