Rytmisk Musikk

Om linja
Rytmisk musikk – musikkglede, samspel og ekte studiokjensle Elsker du å spele, syngje, lage låtar eller produsere? På Rytmisk musikk får du bruke året på å gjere akkurat det du liker best – lage musikk, utvikle deg og ha det gøy saman med andre som diggar det same som deg.
Hos oss får du lærarar som verkeleg kan faget – musikarar med mykje erfaring frå bransjen, som hjelper deg å ta spelet ditt til neste nivå. Me har proffe studio, rått utstyr og mykje tid på timeplanen til å spele, øve, produsere og teste ut ideane dine i praksis.

Meir om linja
.avif)
Studietur
Rytmisk musikk har dei siste åra reist på studietur til London, og i fjor gjekk turen til Kraków, Polen. Der fekk elevane oppleve spennande musikkmiljø, profesjonelle studio og ikkje minst det sterke historiske perspektivet ved å besøkje ein av konsentrasjonsleirane. Studieåret 25/26 vender dei tilbake til London for å kjenne på det pulserande musikkmiljøet i byen.
.avif)
Gjestar - Masterclass
Kvart år inviterer vi musikalske gjester med ulik kompetanse. Målet er å utvide horisonten til elevane og gi dei innblikk i musikk og miljø utanfor skulen.
Linjeaktivitetar

Artist og låtskrivar
Vil du skrive eigne låt og finne uttrykket ditt som artist? I denne fordjupinga får du utforske tekst, melodi og formidling – og jobbe med alt frå idé til ferdig låt. Me hjelper deg med å byggja identitet, sjølvtillit og sceneformidling.

Band
Spill saman, bygg groove og kjenn på ekte samspel! I Band-fordjupinga får du øve, arrangere og opptre som ein del av eit band. Du får sceneerfaring, lærer å kommunisere musikalsk og utvikle din eigen sound saman med andre som brenn for live-musikk.

Musikkproduksjon
Feite beats, bygg låt frå botnen og lær å bruka studioet som instrument! Her får du jobbe med innspeling, miks og produksjon i profesjonelle omgivnader – anten du vil laga elektroniske låtar, pop, hiphop eller rock. Lær deg å skru lyd på konsertar og å ha kontroll på PA'en - bli den beste samarbeidspartnaren til bandet bak miksepulten.

Hiphop
Bars, beats og bodskap! I Hiphop-fordjupinga får du skrive tekster, jobba med flow og levere med attitude. Du lærer om beatmaking, flow, opptak og sceneframføring – og får utvikle din eigen stil i eit kreativt og inkluderande miljø.
Bilder fra linja
.avif)








