Får ikkje du heller nok folkehøgskule?
Var folkehøgskuleåret noko som gav meirsmak? Då kan du søke stipendiatlinja ved Manger folkehøgskule.
Får ikkje du heller nok folkehøgskule?
Var folkehøgskuleåret noko som gav meirsmak? Då kan du søke stipendiatlinja ved Manger folkehøgskule.
Stipendiat
Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar. Hovudfokuset vårt er å utvikle talentet ditt, som vokalist, i band, som solist, på scenen, i studio, i skriving, innan filmmusikk eller medieproduksjon.
Meir om linja
Denne linja er eit andreårstilbod for dei som ønskjer å være med å bidra vidare i det faglege og miljøskapande arbeidet ved skulen. Ein stipendiat i folkehøgskulen har gjerne hatt «det beste året i livet», og vil no vere med skape det «beste året» for andre.
Som stipendiat vil du få teoretisk og praktisk leiartrening ved å vere knytt opp mot ei eller fleire av dei andre linjene ved skulen. I mesteparten av timane vil du følgje timeplanen til ein av desse linjene:
- Artist og låtskrivar
- Band: scene og studio
- Brassband
- Hiphop
- Musikkproduksjon
- Filmmusikk
- Medieproduksjon
- Skapande skriving
Det er viktig at du presiserer kva linje du ønskjer å følgje i søknadsteksten.
I stipendiatlinja sine eigne timar arbeider vi med tema som pedagogikk, kommunikasjon, aktivitetsleiing, relasjonar, konfliktløysing, møteleiing, gruppepsykologi og rettleiing. Vi førebur og gjennomfører faglege, sosiale og miljøskapande aktivitetar for førsteårselevane, og evaluerer det arbeidet vi har gjort.
Du vil også få arbeide med marknadsføring av skulen. Du vil få erfaring med foto, video, redigering, tekstskriving og publiseringsverktøy i sosiale medium.
Stipendiater får kr 56 000,- dekka av skulen. Skuleåret vil kosta kr 80 000,-, som kan finansierast via omgjeringslån i Lånekassen.
Vi gjennomfører samtale med alle som søker om å bli stipendiat. Det er eit krav at du har gått eit år på folkehøgskole tidlegare. Skulen vil ta inn 6-8 stipendiatar.
Meir info
Fag i faget
- pedagogikk og aktivitetsleiing
- kommunikasjon, konfliktløysing og relasjonskompetanse
- møteleiing, gruppepsykologi og rettleiing
Views: 385