Praktisk informasjon

Opptakskriterier
Aldersgrense 16 år
Aldersgrense 16 år.
Fordeling av instrument
Vi må ha ei formålstenleg fordeling av instrument på dei ulike linjene.
Motivasjon
Motivasjon for det faglege og sosiale tilbodet på skulen. Derfor er det viktig at du skriv litt om deg sjølv i søknaden og kvifor du har lyst til å gå på Manger folkehøgskule. Opptak skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar.
Jamn kjønnsfordeling
Vi prøver å ha ei jamn fordeling av jenter og gutar på dei ulike linjene.
Opptak 15. november
Opptaket startar 15. november og skjer fortløpande fram til skulestart.
Ingen karakterkrav
Vi er er ein open skule, utan karakterar, pensum eller eksamen. Tidlegare karakterar tel ikkje ved opptak, opptakskriteria ser du under.
Prisar
Innmeldingspenger
kr. 2 500,-
Rom og mat
kr. 86 500,-
Undervisningsmateriell og linjeutgifter
kr. 27 500,-
Studietur og ekskursjonar
kr. 20 000,-
Tilleggsutgifter for enkeltrom
kr. 6 000,-
Totalt
Fra kr. 136 000,-
Stipend og lån
Fellesfag

Skulekoret
Skulekoret øver ein gong i veka og blir leia av Silje Louise Spurkeland. Koret held fleire konsertar gjennom året og avsluttar tradisjonelt i kyrkja ved spesielle høve. Framsyningane deira skapar alltid ei varm og vakker stemning.

Morgonsamling
Morgonsamlinga er ein felles, hyggeleg start på dagen. Dei fleste dagar er det elevane sjølve som står for innhaldet og gjennomføringa, og det blir set opp ei oversikt over kven som har ansvar dei ulike datoane. Innhaldet varierer frå gruppe til gruppe: Nokre speler eller syng, andre viser ein video eller delar noko dei synest er interessante eller viktige. Kvar morgonsamling blir avslutta med «ord for dagen».
Valfag

Yoga
Valfaget gir ei innføring i enkel yoga og meditasjon, med fokus på ro, nærvær og mjuke bevegelsar. Timane blir leia av, Jane G. Westervik, som skapar ei trygg og avslappa ramme for både nybyrjarar og dei med litt erfaring.

Filmmusikk
Valfaget blir leia av, Johan Modahl Leiva, som er utdanna innan filmmusikk og har ein stor lidenskap for faget. Her får både nybyrjarar og vidarekomne utforske korleis musikk påverkar filmopplevinga, og lære om komposisjon, stemning og lydbruk. Elevane får òg prøve seg på å komponere eigen musikk til film. Dette er eit valfag for alle som vil forstå – og skape – musikk som fortel ei historie.

Heilårsbading
Vi tilbyr sjøbading gjennom heile året. Sjøen frys sjeldan til her vest, men kaldt er det – garantert. Valfaget blir leia av, Helga Vetås, ein erfaren heilårsbadar gjennom mange år. Dette er eit forfriskande tilbod for dei modige som vil utfordre seg sjølve med eit kjølande ettermiddagsbad.

Stikking
Valfaget blir leia av Anne-Kari Sylta, ein erfaren strikkar som gjerne rettleier både nybyrjarar og dei som har strikka lenge. Timane er rolege og sosiale – ein fin møteplass for å hente inspirasjon, lære nye teknikkar og kose seg med handarbeid i godt lag. Denne gongen skal vi strikke tøflar som skal tovast i vaskemaskina, men du kan òg lage ullsokkar, panneband og andre varme bruksting.

Innsats for andre med Musikk, bu og fritid
Valfaget blir leia av Hanne Kristian Alver-Villanger og Tina Pernille Hartwall. I løpet av året legg gruppa il rette for dans og fest for elevar med særskilde behov – ei inkluderande arena der fellesskap kan blomstre og nye vennskapar kan oppstå. Faget omfattar heile prosessen: planlegging, val av tema, promotering, klargjering og gjennomføring av sjølve festen. Det blir arrangert to dansar per periode.

Lese og utviklings verksted
Vi deler leseopplevingar frå noveller og dikt. Vi les høgt for kvarandre. Det går òg fint å berre lytte. Her har vi god tid og noko av målet er at du skal få pusterom frå mobil og andre typar skjerm. På sikt kan det bli song og musikk til det litterære, kanskje du vil skrive noko tekstleg sjølv? Vi startar alltid i felleskapet, du er med på å utvikle vegen vidare.
Årsplan
Det er undervisning dei fleste laurdagane, til vanleg i tida 10:30 – 14:00, men også ein del laurdagskveldar (elevkveldar). Det er også ein del obligatoriske aktivitetar på kveldstid og på enkelte sundagar.
NB! Det kan verta endringar på skuleruta.
August
26. august
Frammøte for elevane på Stipendiat-linja. Oppmøte mellom kl. 12:00 og 18:00.
27. august
Frammøtedag og første skuledag. Oppmøte mellom kl. 12:00 og 18:00.
Oktober
3. oktober
Foreldrefest. Obligatorisk kveldsarrangement. Det anbefales difor å bestilla tog- eller flybillettar til dagen etter arrangementet.
4. – 12. oktober
Haustferie.
13. oktober
1. skuledag etter haustferien.
November
8. november
Fri-laurdag. Fredag før fri-laurdag er det ikkje undervisning etter lunsj.
17. – 21. november
Prosjektveke/Novembertur.
Desember
18. desember
Julekonsert (avslutting haustsemesteret). Obligatorisk kveldsarrangement. Det anbefales difor å bestilla tog- eller flybillettar til dagen etter arrangementet.
19. desember – 5. januar
Juleferie. Skolen er stengt. I samband med ferian er det lurt å bestilla rimelege tog- og flybillettar i god tid.
Første skuledag etter feriar startar undervisninga til vanleg tid. Frammøte kvelden før vil vera nødvendig for dei som ikkje bur nær skulen.
Januar
6. januar
1. skuledag etter juleferien.
31. januar
Fri-laurdag. Fredag før fri-laurdag er det ikkje undervisning etter lunsj.
Februar
21. februar – 01. mars
Vinterferie. Skolen er stengt. I samband med ferian er det lurt å bestilla rimelege tog- og flybillettar i god tid.
Første skuledag etter feriar startar undervisninga til vanleg tid. Frammøte kvelden før vil vera nødvendig for dei som ikkje bur nær skulen.
Mars
2. mars
1. skuledag etter vinterferien.
28. mars – 6. april
Påskeferie. Skolen er stengt. I samband med ferian er det lurt å bestilla rimelege tog- og flybillettar i god tid.
Første skuledag etter feriar startar undervisninga til vanleg tid. Frammøte kvelden før vil vera nødvendig for dei som ikkje bur nær skulen.
April
7. april
1. skuledag etter påskeferien.
Mai
14. mai Heimreisedag
Kristi Himmelfartsdag.