Valfag ved Manger folkehøgskule:
Valfag ved Manger folkehøgskule:
På Manger rekk du ikkje bli lei av valfaget ditt; det kan du nemleg velja tre gonger i året. Om du vil er det høve til å bruka valfagtimane til å gå enno djupare inn i fagfeltet ditt. Eller du kan gjera noko heilt anna. Kvart år stiller skulen med ei spennande “smørbrødliste”, der elevane også er inviterte til å bidra. Utvalet vil variere frå år til år. Det er ulike former for sport og friluftsliv, yoga, piano, song, forming, meir teoretiske fag og sjølvsagt aktivitetar knytta opp til musikk.
Faga som er lista opp under er jamleg tilbode.
Kreative meg
Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.
Piano
Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.
Storband
Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik
for å spele eigne arrangement og improvisere.
Konserttrening
Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar
for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøve-
spel eller berre trene seg på å spele for andre.
Sibelius
Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.
Kammerkor
Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.
Sang
Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.
Speleteknikk
For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra
med korrekt speleteknikk.
Styrketrening
Styrketrening på treningsrommet.
Musikkdokumentar
Til dei som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet. Ein får innsyn i ulike genre
og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.
Strikking
Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker
og prater. Me strikkar tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Du kan også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.
Yoga
Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.
Isbading
Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.
Bootcamp
Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/ intervalltrening.
Forming
Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.
Leseglede
Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa
bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du
har lest.
Jogging
Fine joggeturar i lokalmiljø.
Filmmusikk
Her kan du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film.
Marknadsføring
Her får du ei innføring i korleis du skal marknadsføre eit produkt.
Hesteriding
Her lærer du å stelle hest, sale og ri.
Views: 652