Opplevingar, meistring og musikk!

Musikk-, bu- og fritidslinja er spesielt for deg som treng tilrettelagt og tilpassa opplæring. Bli sjølvstendig, møt nye vener og finn dine kreative krefter!

Elevar frå Musikk, bu og fritid har konsert.

Opplevingar, meistring og musikk!

Musikk-, bu- og fritidslinja er spesielt for deg som treng tilrettelagt og tilpassa opplæring. Bli sjølvstendig, møt nye vener og finn dine kreative krefter!

Musikk, bu og fritid

Deltaking på denne linja krev økonomisk støtte frå heimkommunen din og/eller frå Nav.

Bli sjølvstendig

Med linja Musikk, bu og fritid ynskjer me å gje eit folkehøgskuletilbod til unge med ulike spesielle behov. Folkehøgskule er på mange måtar noko anna enn ordinær skule, og vil kunne vera eit godt tilbod til dei som ikkje meistrar såkalla vanleg skulegong.

Å bu eit år på folkehøgskule inneber å veksa som eit sjølvstendig menneske, utvikla sine sosiale sider og læra fag på ein friare måte enn det ein tradisjonell skule kan. Me har som mål å vera ein kulturverkstad der ungdom kan utvikla sunne haldningar i eit miljø der det faglege og sosiale vert integrert, slik at kreative krefter kan veksa fram.

Oppleving av meistring

Me ynskjer å tilby alle ei mogelegheit til å gjennomføra eit annleis år, og trur at læringsmetodar som kombinerer teori og praksis er gode for menneske som har ulike utfordringar. Gjennom faga me presenterer skal dei unge verta betre i stand til å klara seg sjølve i forhold til daglegdagse aktivitetar, ha utvikla god sosial kompetanse og utvikla nye ferdigheiter innanfor musikkfaget.

Gjennom denne danningsprosessen håpar me at dei unge vert betre rusta til å takla eiga framtid. Det viktigaste er likevel, anten det gjeld fagaktivitetar eller fritidsinteresser, at me gjev eleven ei oppleving av meistring.

Meir info
Fag i faget

Praktisk opplæring i å ta vare på seg sjølv i eigen bustad (ADL):

  • Hygiene
  • Husstell
  • Planlegging og gjennomføring av innkjøp
  • Mat og helse
  • Økonomi

Sosial trening:

  • Kommunikasjon
  • Identitet og fellesskap
  • Følelser
  • Sinnemeistring og emosjonsregulering
  • Vennskap
  • Nettvett
  • Teatersport

Musikk:

  • Samspel/band
  • Individuelle timer på instrument
  • Instrumentopplæring
  • Musikkproduksjon i Logic
  • Rytme
  • Høyrelære
  • Lytting
  • Låtskriving
Studietur

STUDIETUR FOR MUSIKK, BU OG FRITID

Musikk, bu og fritid sin studietur går til utlandet, og tek utgongspunkt i linjefaga. Kvar turen går, vert bestemt årleg etter interessene og behova i gruppa. Me tilpassar programmet, og tilbyr fine utfordringar både for dei som har reist mykje og dei som har reist lite. Våre tilsette er ofte godt kjende med byane me besøkjer og kan tilby kunnskap og tryggleik. Hovudmåla med turen er at elevane skal kjenna glede over det sosiale samværet, kunne førebu og gjennomføra ei lengre reise og oppleva andre kulturar knytt opp mot ulike tema i linjefaga, til dømes matopplevingar, handel, konsertar, musikalar og kjende attraksjonar. Tidlegare har me besøkt London og København, og nedanfor kan du sjå litt om opplevingar me har hatt.

LONDON

London er ein spanande storby med mangfaldig kultur, men som ikkje ligg altfor langt unna det trygge og kjende. I London har me besøkt kjende attraksjonar som Tower of London, London Eye og Madame Tussauds. Me har handla på gatemarknad i Notting Hill og Portobello Road, og dessutan fått med oss musikalane Thriller, The Lion King, Aladdin, Les Misérables og slagverks-showet STOMP.

KØBENHAVN

“Det er dejlig å vera norsk i Danmark”. København har fleire gonger vore kåra til den beste byen i verda og har vore eit flott reisemål for våre turar. Byen er passeleg stor, men har verdskjende restaurantar, butikkar og underhaldning. Her møtar det urbane storbylivet – med storslått arkitektur og design – hundreår gamle gater og bygningar.

I København har me studert matkultur i store mathallar, handla på Strøget, i tillegg til besøk i fantastiske Tivoli, Rundetaarn, og segla på byens kanalar. Av kulturelle innslag har me vore på konsertar med Hans Zimmer, Jazzkonsert i regi av DR Big Band med gjestar, Queen Extravaganza og Dean Lewis, og dessutan sett ballettframsyning av Snehvit.

Visits: 496