Skriv eigne dikt, manus, noveller

Likar du å skildre det du ser?

Lag låtar og beats!

Bli kjent med software, teknikkar og metodar!

Skapande skriving – Ny Linje

Flyter orda fritt frå tanke til tastatur eller papir? Likar du Beat Poetry? Leiter du etter din eigne skrivestil?

På Skapande skriving kan du gjennom sjangeruavhengige skriveøvingar, lesing, konstruktive tilbakemeldingar i gruppe utvikle din eigen forteljing og lære om ulike aspekt ved tekstskriving. Gjennom skriveøvingar lærar du å bygge historier og karakterer, og utvikle miljøskildringar.

Drøymer du om å sitere din eigen poesi over ein heftig beat eller eit svevande lydlandskap? Her kan du arbeide i lag med andre linjer og lage ei heilt eiga verd.

 

Meir om linja

I løpet av året kan de i fellesskap skrive ei eigen bok, skrive eigen poesi, og vera med å sette saman årboka vår. 

Skulen er tett på Bergen og eit aktivt og manfoldig litteraturmiljø med ulike tilstelningar og kurs. T.d. Litteraturhuset. Skrivekunstakademiet. Bergen internasjonale litteraturfestival. Biblioteket i Bergen.

Skulen vil invitere inn kjente forfattarar og lyrikarar til forelesningar og workshops, og reise på aktuelle hendingar i nærleiken.

    Skapande skriving er for deg som ynskjer å lære korleis ein skriv ulike tekstar. Du vil utforske litteraturverda og finne din eigen stil.

    Dette vil du lære

    • å utvikle din stemme og skrivarkunst
    • å skrive varierte tekstar
    • bruke ulike språklege verkemiddel

    Våre forventninger til deg

    Skulen sitt faglege opplegg og timeplan gjer muligheter for høg fagleg aktivitet, men mykje er opp til deg og din interesse, lærelyst og evne til å arbeide målretta og sjølvstendig.

    Meir info
    Studietur

    Tidlegare har studieturen for skulen vore til London, New York og Los Angeles. Me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage!

    For skuleåret 23/24 er reisemål framleis usikkert, men me vil oppdatere denne sida så fort det er bestemt. Skulen må til ein kvar tid rette seg etter reiseråda til FHI og UD.

    På turen for musikkproduksjon til LA i April 2019 hadde vi mellom anna dette på programmet:

    • Masterclass med Wayne Miller i Selma studio, Hollywood. Tema: Vokalproduksjon
    • Omvisning i EastWest studios på Sunset boulevard i Hollywood.
    • Besøk hjå APG Studios
    • Masterclass med Merethe Soltvedt. Tema:
    • Låtskriving
    • Masterclass i REV9 studio. Tema: Innspeling av band

    Av konsertar fekk vi med oss:

    • Kansas
    • Murs
    • Quinn XCll
    • Ben Rector
    • Alex Machacek (the Baked Potato)

    Uansett reisemål kan me garantere ein innhaldsrik og spanande studietur du aldri vil gløyme

    Fag i faget

    Visits: 58