Rytmisk linje

omfattar hjå oss uttrykk som fell inn under sjangeren kalla “Rytmisk Musikk”

For deg som vil synge, rappe, skrive, formidle, spele, lage låtar eller beats!

Rytmisk linje

Me tilbyr fordjupningsfag innan:
Artist og låtskrivar, Band, Hiphop og Musikkproduksjon.

Artist og låtskrivar: Personleg uttrykk, vokal, samspel/scene/studio

Som elev på Artist og låtskrivar arbeider du med å dyrka fram di personlege stemme og ditt uttrykk. Du frontar band, er korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med Band og Musikkproduksjon gjer du studioinnspelingar og konsertar

Band: Samspel, ulike stilartar, scene og studio

På bandlinja er det fokus på samspel, musikkformidling og låtskriving. Du får mange høve til å opptre framfor publikum, både på skulen og utanfor. På Manger møter du ungdom med bakgrunn frå ulike sjangrar, med ulike inspirasjonskjelder og gode basisferdigheiter på instrumentet sitt.

Hiphop: Rap/beats, personleg uttrykk, samspel.

Bli med i eit miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar frå linjene Artist og låtskrivar, Musikkproduksjon og Band: scene og studio. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. 

Musikkproduksjon: Beats, lydteknikk live lyd, samspel/scene/studio

Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode innspelingsrom. Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk «hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon.

Meir om linja

Fire fordjupningsfag – tett samarbeid

Band: scene og studio, Artist og låtskrivar, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.

Fordjupningsfaga har mange fellesfag. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen er inkludert i skulepengane.

Utstyr og fasilitetar på skulen

På Manger folkehøgskule er me stolte over å ha ein heilt sjuk utstyrspark som spenner frå moderne datadrive utstyr til det akustiske og vintage.  

Meir info
Studietur

Linjene Artist og låtskrivar, Band: scene og studio, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider mykje i løpet av skuleåret og det er derfor naturleg å dra på studietur saman. Målet for studieturen er å besøke nokre av dei mest nyskapande og hippaste miljøa i musikkbransjen. Tidlegare har turen gått til London, New York og Los Angeles, og me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage! Me besøker studio, scener og utøvarar frå mange ulike sjangre som kan dele av sine erfaringar og sitt kjennskap til det lokale musikklivet. Vi går også sjølvsagt på konsertar og forsøker å få med oss så mykje som mogleg av den lokale kulturen på alle måtar.

I 2023 hadde vi omvisning og undervisninsopplegg på: 
SOHO Radio
SOHO Sonic Studio
SixtyfourMusic
Point Blank Music School
Wembley Music Store
Servants Jazz Quarters
Ronnie Scotts
Konserter vi var på:
Sungazer
Nneka
Les Miserables (musikal)
Open Mic/ jamsession på Spice of Life (SOHO)

Uansett reisemål kan me garantere ein innhaldsrik og spanande studietur du aldri vil gløyme

Fag i faget
  • Musikkorientering
  • Høyrelære
  • Låtskriving
  • Musikkteori
  • Bransjelære
  • Individuelle timar på instrument/produksjon.
  • Lær å bruke eit profesjonellt lydstudio med analog API mikser.
  • Logic Pro X og Pro Tools. (Nokon velgjer å fokusere på software dei allerede kan, f.eks. FL, Ableton)
  • Bruk av mikrofonar.
  • Produksjon og arrangement.
  • Miksing. Bruk av verktøya EQ, kompressor, reverb.

Views: 781