Lag låtar og beats!

Bli kjent med software, teknikkar og metodar!

Lag låtar og beats!

Bli kjent med software, teknikkar og metodar!

Musikkproduksjon – Rytmisk linje

Me gler oss til å visa deg det profesjonelle utstyret vårt og gjera deg kjent med god lyd. Har du ein musikkprodusent i magen?

Kva skjer frå ein får ein melodi i hovudet til ein fiks ferdig låt strøymer frå høgtalaren? Kva skal til for å styra spakane i eit lydstudio eller på ein konsert? På linja Musikkproduksjon får du svar, teoretisk ballast og rikeleg med erfaring frå skulen sine studio.

Meir om faget

Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode innspelingsrom.

Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk «hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon – oftare med ein mikrofon i handa enn ein blyant. Innanfor dette fagfeltet er det viktig å eksperimentera, både med software, ulike mikrofonar og plasseringar, produksjonsteknikkar og -metodar.

Vi tar for oss heile prosessen:

  • lage låtar og beats
  • produksjon og arrangement
  • innspeling og redigering
  • miksing og mastering

Fire fordjupningsfag – tett samarbeid

Band: scene og studio, Artist og låtskrivar, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.

Fordjupningsfaga har fleire fellesfag. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen er inkludert i skulepengane.

Utstyr og fasilitetar på skulen

På Manger folkehøgskule er me stolte over å ha ein heilt sjuk utstyrspark som spenner frå moderne datadrive utstyr til det akustiske og vintage.  

Meir info
Studietur

Linjene Artist og låtskrivar, Band: scene og studio, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider mykje i løpet av skuleåret og det er derfor naturleg å dra på studietur saman. Målet for studieturen er å besøke nokre av dei mest nyskapande og hippaste miljøa i musikkbransjen. Tidlegare har turen gått til London, New York og Los Angeles, og me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage! Me besøker studio, scener og utøvarar frå mange ulike sjangre som kan dele av sine erfaringar og sitt kjennskap til det lokale musikklivet. Vi går også sjølvsagt på konsertar og forsøker å få med oss så mykje som mogleg av den lokale kulturen på alle måtar.

For skuleåret 22/23 reiste me til London.

I 2023 hadde vi omvisning og undervisninsopplegg på: 
SOHO Radio
SOHO Sonic Studio
SixtyfourMusic
Point Blank Music School
Wembley Music Store
Servants Jazz Quarters
Ronnie Scotts
Konserter vi var på:
Sungazer
Nneka
Les Miserables (musikal)
Open Mic/ jamsession på Spice of Life (SOHO)

Uansett reisemål kan me garantere ein innhaldsrik og spanande studietur du aldri vil gløyme

Fag i faget
  • Musikkorientering
  • Høyrelære
  • Låtskriving
  • Musikkteori
  • Bransjelære
  • Individuelle timar på instrument/produksjon.
  • Lær å bruke eit profesjonellt lydstudio med analog API mikser.
  • Logic Pro X og Pro Tools. (Nokon velgjer å fokusere på software dei allerede kan, f.eks. FL, Ableton)
  • Bruk av mikrofonar.
  • Produksjon og arrangement.
  • Miksing. Bruk av verktøya EQ, kompressor, reverb.

Visits: 171