Medieproduksjon

Vil du laga musikkvideo, ta gode bilete, laga innhald til sosiale medium? Filme konsertar? Lage kortfilm? Redigera bilete, video og musikk?

Ny linje

Linja passar for deg som ønskjer å uttrykkja deg innan medieproduksjon. Liker å filma og redigera. Ønskjer å gjennomføra eigen prosjekt innan kortfilm, musikkvideo, kunstfilm eller noko anna.

Medieproduksjon

Ser du for deg bilder, video eller kunst når du høyrer musikk eller les ein tekst? Eller høyrer du musikk når du ser bilder osv.? Ønskjer du å laga ein musikkvideo eller kortfilm? Vil du laga livestream av konsertar eller framsyningar? Vil du realisere ditt eige uttrykk? Eller trivast du best med å tolke andre sine draumar og tankar?

Meir om linja

Linja Medieproduksjon er eit fordjupningfag innan Musikk og media. Saman med Filmmusikk har dei fleire fellestimar. Me har andre spennande musikklinjer på skulen og legg stor vekt på samarbeid mellom linjene. Her er det mange moglegheiter for musikalsk og filmatisk utfoldelse ut i frå dine interesser.

Dine interesser er viktig for oss, du vil få mykje tid til å jobba i den retninga du sjølv ønskjer, også i samarbeid med andre.

Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.

Dette er noko av det me kjem til å jobba med i løpet av skuleåret:

  • Foto- og videoteknikk
  • Biletredigering
  • Kortfilm
  • Konsertopptak
  • Sosiale medier
  • Publisering
  • Dramaturgi
  • Manus
  • Tilgang til alle Adobe applikasjoner (Adobe premier Pro, Photoshop etc.)
Meir info
Fag i faget

Visits: 38