Valfag ved Manger folkehøgskule:
På Manger rekk du ikkje bli lei av valfaget ditt; det kan du nemleg velja tre gonger i året. Om du vil er det høve til å bruka valfagtimane til å gå enno djupare inn i fagfeltet ditt. Eller du kan gjera noko heilt anna. Kvart år stiller skulen med ei spennande “smørbrødliste”, der elevane også er inviterte til å bidra. Utvalet vil variere frå år til år. Det er ulike former for sport og friluftsliv, yoga, piano, song, forming, meir teoretiske fag og sjølvsagt aktivitetar knytta opp til musikk.
Valfag for skuleåret 23/24 er enno ikkje bestemt. Faga som er lista opp under vart tilbodne i 22/23. Følg med på oppdatering av valfag for kommande studieår.
Kreative meg
Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.
Piano
Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.
Storband
Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.
Konserttrening
Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.
Sibelius
Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.
Kammerkor
Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.
Sang
Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.
Speleteknikk
For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.
Miljødokumentar
Dette faget er eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike dokumentarar om miljø, bærekraft og helse, og diskutere innhaldet i desse.
Musikkdokumentar
Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.
Strikking
Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.
Yoga
Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.
Isbading
Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.
Bootcamp
Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/ intervalltrening
Forming
Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.
Leseglede
Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.
Jogging
Fine joggeturar i lokalmiljø.
Hits: 22