Vil du skrive, formidle og dyrke fram ditt uttrykk?

I lag med dyktige folk rundt deg får du utvikla ditt talent!

Vil du skrive, formidle og dyrke fram ditt uttrykk?

I lag med dyktive folk rundt deg får du utvikla ditt talent!

Artist og låtskrivar – Rytmisk linje

På Manger ligg alt til rette for at du skal kunne utvikle deg som songar, artist og som låtskrivar! I eit kreativt miljø kan du uttrykke deg frå scena, i studio og i øvingsromma saman med andre musikarar som deler den same lidenskapen for musikk.

Meir om Artist og låtskrivar

Artist og låtskrivar kan du få rettleiing til å finne di eiga stemme, dyrka fram ditt eige uttrykk og skape musikk som gjenspeilar deg. Uansett om du vil skrive eigen musikk, fronte eit band, delta på låtskrivar-camp, jobbe med studioinnspelingar eller medbacking vocals vil du saman med likesinna ungdommar kunne skape eit år der du får trene på heile prosessen frå idé til ferdig produkt. 

Fire fordjupningsfag – tett samarbeid

Band: scene og studio, Artist og låtskrivar, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.

Fordjupningsfaga har fleire fellesfag. Kombinasjonen resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen er inkludert i skulepengane.

Utstyr og fasilitetar på skulen

På Manger folkehøgskule er me stolte over å ha ein heilt sjuk utstyrspark som spenner frå moderne datadrive utstyr til det akustiske og vintage.  

Meir info
Studietur

Linjene Artist og låtskrivar, Band: scene og studio, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider mykje i løpet av skuleåret og det er derfor naturleg å dra på studietur saman. Målet for studieturen er å besøke nokre av dei mest nyskapande og hippaste miljøa i musikkbransjen. Tidlegare har turen gått til London, New York og Los Angeles, og me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage! Me besøker studio, scener og utøvarar frå mange ulike sjangre som kan dele av sine erfaringar og sitt kjennskap til det lokale musikklivet. Vi går også sjølvsagt på konsertar og forsøker å få med oss så mykje som mogleg av den lokale kulturen på alle måtar.

For skuleåret 22/23 reiste me til London.

I 2023 hadde vi omvisning og undervisninsopplegg på: 
SOHO Radio
SOHO Sonic Studio
SixtyfourMusic
Point Blank Music School
Wembley Music Store
Servants Jazz Quarters
Ronnie Scotts
Konserter vi var på:
Sungazer
Nneka
Les Miserables (musikal)
Open Mic/ jamsession på Spice of Life (SOHO)

Uansett reisemål kan me garantere ein innhaldsrik og spanande studietur du aldri vil gløyme!

Fag i faget
  • Individuelle timar med songpedagog
  • Låtskriving
  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Øvingsmetodar
  • Improvisasjon
  • Musikkteknologi med Logic Pro X

Views: 360