Det handlar om å utvikle seg, ikkje streve etter karakterar

Folkehøgskulen er ikke heilt som andre skular.

Det handlar om å utvikle seg, ikkje streve etter karakterar

Folkehøgskulen er ikke heilt som andre skular.

Ikkje pensum, ikkje eksamen

Folkehøgskulen er ein eksamens- og pensumfri skule. Dette betyr at skulen sjølv bestemmer fagplanar og arbeidsmåtar. Gjennom arbeid og fellesskap vil vi bidra til fagleg og personleg vekst, slik at du siste skuledagen kan seia: “Eg er eit rikare menneske, eg kan meir, eg veit meir, eg forstår meir, eg bryr meg om meir.”

Det vert ikkje gitt fagkarakterar. Du må finna andre mål for arbeidet og du må ta ansvar for di eiga læring. Skal ei slik undervisningsform fungera, er det viktig at både lærar og elev har vilje og evne til samarbeid, og at læring skjer ut frå interesse og entusiasme.


Laurdagsundervisning

Folkehøgskulen har laurdagsundervisning og det er også ein del obligatoriske aktivitetar på kveldstid og på enkelte sundagar. Det er frilaurdag ca. ein gong i månaden.

Skulen er stengt i haust-, jule-, vinter- og påskeferien. Det er diverre ikkje høve til å bu på skulen i feriane.

Visits: 198