Internatliv

Eit år på Manger folkehøgskule er den perfekte måten å ta det første steget ut i verda.

Kanskje den beste folkehøgskulen i Norge

I lag med dyktive folk rundt deg får du utvikla ditt talent!

Mykje saman – lite åleine

Du flytter heimanfrå, men det kjennest ikkje så langt. På skulen er du sjeldan åleine; det er alltid elevar, og minst ein vaksen etter skuletid og om natta. At det alltid er nokon der, er både trygt og godt. Alltid nokon å snakka med, ein medelev eller ein av dei tilsette. I internatet bur dei fleste på dobbeltrom.

Her bur og lever ein tett saman i eit trygt og godt miljø. Her går du ikkje heim når skuledagen er slutt. Skulen er heim, og dei andre elevane er familie, venner og kjente. Du et ved same bord og søv i same rom som menneske du elles kanskje ikkje hadde blitt kjent med. Står opp, går på skule, øver og strevar, et og søv – aldri åleine. Slikt blir det livslange venskap av.

Om internatet

Dei fleste av internatromma på skulen ligg i same bygg som matsalen/peisestova og vart totalrenovert i 2011. Vi har totalt 34 dobbeltrom og 5 enkeltrom. Romma framstår som lyse, trivelege og moderne. Kvart rom har eige bad med dusj og toalett.

Innreiinga er praktisk med rammemadrass, skrivepult og stol til kvar elev, hylleseksjon og skyvedørsgarderobe med god oppbevaringsplass. Storleiken på dobbeltromma er 14 – 22 m2, medan enkeltromma er 10 -13 m2. I utgangspunktet ynskjer vi at dei fleste bur på dobbeltrom, men ved spesielle ynskjer/behov/praktiske årsaker kan vi gjere unnatak.

Internat hovudbygg

Når elevtalet er høgt tar vi også i bruk internatdelen i 2.etasje av hovudbygget som inneheld 5 dobbeltrom. Desse romma er også totalrenovert, men berre eitt av dei har eige dusj/toalett. Til gjengjeld disponerer elevane i hovudbygget eit felles toalett/dusjrom med tre toalett og tre låsbare dusjavlukker. Det finst også eigen vaskemaskin og tørketrommel i dette internatet. Reglane for rom/korridorvask og ro gjeld på same måte som i hovudinternatet.

Ro i internatet

Det skal vere ro i internatet kl. 23.00, men peisestova er open dersom ein ynskjer å nyte kvelden litt lenger. På same tid vert også inngangsdørene låste, men elevane kan bruke sitt eige nøkkelkort til å komme seg inn.

Visits: 417