Den einaste reindyrka brassbandlinja i Noreg!

Me er stolte av å presentere den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå. 

Den einaste reindyrka brassbandlinja i Noreg!

Me er stolte av å presentere den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå. 

Brassband

Du som har slite ut nokre sko i skulekorpset, og er klar for meir; på Brassbandlinja får du akkurat det: meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Samspel med dei andre elevane – i små og store ensemble – pågår heile tida.

Unik linje!

Som den einaste folkehøgskulen i landet kan Manger folkehøgskule tilby eit år på brassbandlinje. Her kan du dyrke, studere, og ikkje minst kose deg med hobbyen din gjennom eit heilt skuleår. Manger ligg i hjartet av brass-Noreg med elitekorps som Eikanger Bjørsvik og Manger musikklag rett rundt hjørnet. I tillegg finn du ei rekkje andre korps frå elitenivå og nedover mindre enn ein time unna.

Få inspirasjon

På Manger møter du likesinna ungdom på alle nivå. Nokre vil gå vidare på høgare musikkutdanning medan andre vil ha korps som ein givande hobby. Manger folkehøgskule har hatt brassband på timeplanen sidan tidleg på 80-talet og me har etterkvart bygd opp svært god kompetanse på området. I tillegg til godt kvalifiserte lærarar har me gjestar frå inn- og utland gjennom heile skuleåret.

 

Meir info
Gjestar - Masterclasses, dirigentar, ensemble

Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av topp gjestedirigentar som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda.

I tillegg har me i løpet av eit skuleår ei lang rekkje fantastiske gjesteforelesarar på ulike brass-/slagverksinstrument. Me er også så heldige at mange ulike ensembler ynskjer å spele konsertar hjå oss, slik at me får servert fantastiske konsertar i alle sjangrar i storsalen.

Dei seinare åra har me mellom anna hatt desse gjestane:

  • Bjørn Sagstad, dirigent
  • Philip Harper, dirigent
  • Martin Winter,  trompet/kornett/dirigent
  • Frode Jakobsen, trompet
  • Adam Rapa, trompet
  • Wolfgang Guggenberger, trompet
  • Snorre Svenningsen, slagverk
  • Hogne Holmås, slagverk
  • David Childs, euphonium
  • Sheona White, horn
  • TenThing, messingensemble
  • Jonas Haltia, trompet
  • Katrina Marzella, baritone
  • Brett Baker, trombone
  • Nick Ost, dirigent
  • Adam Nussbaum, trommesett
  • Eirik Gjerdevik, tuba
  • Magnus Brandseth, tuba
Samspel

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2-4 fellesøvingar. Musikkutvalet er saman med dirigenten med på å bestemme kva som skal spelast på dei ulike prosjekta . I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar, og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Kanskje finst det også tid og lyst til å delta på ein konkurranse?

Rullerande besetning

Besetninga i brassbandet rullerer, det vil seie at ingen har ein fast plass gjennom heile skuleåret. I staden har ein 4 – 5 ulike besetningar slik at kvar og ein får variasjon og får prøvd seg på ulike stemmer. I tillegg til øvingane med brassbandet får du spelt i mindre ensemble, på fellestimar med di eiga instrumentgruppe, åleine med akkompagnatør og på einetimar med læraren din.

Ensemble

I ensembletimane spelar ein i besetningar frå duett til større ensemble på 10-12 personar. Målet er at ensembla skal klare å styre seg sjølve, men det er alltid lærarar tilgjengelege i prosessen.

Fellestimar

I fellestimane, 2 timar pr. veke, spelar du saman med di eiga instrumengruppe under leiing av instrumentallærar. Ein jobbar med alt som høyrer til i basisspelet, til dømes skalaer, fleksibilitet og samspel.

Spel med huspianisten!

Kvar veke har du også høve til å spele med skulen sin akkompagnatør. Her kan du prøve ut solostykker i samspel med pianist, enten du førebur deg til prøvespel eller berre har lyst å kjenne på det å spele saman med pianokomp.

Einetimar

Manger folkehøgskule gir deg eit unikt tilbod om enkelttimar på instrumentet ditt. I løpet av året får du heile 21 enkelttimar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar. Me jobbar ut frå nivået du er på og strekkjer oss så langt du har lyst og kapasitet til. Sidan folkehøgskule er ein eksamensfriskule er det din eigen motivasjon til å bli betre som driv deg. Kva som vert arbeidd med og kor langt ein vil nå er mykje opp til deg og din vilje til arbeid mellom timane.

Utstyr og fasilitetar

Skulen har ei rekkje øvingsrom, dei fleste med piano, som er tilgjengelege fram til 22.00 kvar dag. På vår maclab finn du 10 iMac-maskiner med Sibelius noteprogram og EarMaster. Skulen har også ein del messinginstrument til disposisjon og fullt utstyrt slagverksavdeling.

Slagverksutstyret er av høg standard og er tilgjengeleg for slagverkselevane fram til 22.00 kvar dag. Sjå under for detaljert oversikt.

  • Pauker, Majestic Symphonic, 23″ 26″ 29″ 32″.
  • Concert Marimba, Majestic, 4 1/3 oktav.
  • Vibrafon, Musser One Nighter, 3 oktavar.
  • Xylofon, Majestic prolon fiber, 4 oktavar.
  • Klokkespel, Musser M-646, 2 1/2 oktav.
  • Rørklokker, Majestic Deluxe, chrom, 1 1/4 oktav.
  • Konsertstortromme, Ludwig, 36″.
  • Skarptromme, Ludwig Black Magic, 14″ x 6″
  • Skarptromme, Ludwig Brass, 14″ x 6″.
  • Trommesett, 5 trommer, Gretch
  • Renown Maple.
  • A2 Cymbaler, Zildjian Symphonic French.
  • Diverse cymbaler, Zildjian/Sabian/Meinl/UFIP.
  • Gong, 24″, Wu-Han
    Templeblocks.
  • Congas, Meinl Headliner, 11″, 12″.
  • Bongos, Meinl.
  • Timbales, Pearl.
  • Tamburin, Pearl Symphonic.
  • Stort utval av småperk/triangler/tamburinar/stikkebord o.l.

Visits: 671