Fellesfag ved Manger folkehøgskule:

Elevar og tilsette samla utanfor skulen

Fellesfag ved Manger folkehøgskule:

Dette er timar som alle deltar i på tvers av linjene.

Morgonsamlig

Kvardagane startar alltid med ei  morgonsamling, med allsong, informasjon og «ord for dagen».

Huskonsert

Ein til to gongar i veka er det huskonsert. Alle er velkomne på scena, i eit trygt, inkluderande og inspirerande miljø.

Romvask

Ein viktig del av året er internatlivet. Dette inkluderer å halde det reint og ryddig på sitt eige rom.

På tvers

Aktivitetar der alle stiller med si eiga røyst, sin eigen bakgrunn og sine eigne føresetnadar. Me syng i kor, skapar lagånd, og lagar prosjekt på tvers av linjene.

Fysisk aktivitet

To timar i veka der du veljer mellom ulike aktivitetar som idrettshall, fotball, jogging, sykling, turgåing og treningsrom.

Laurdagsundervisning

I tillegg til undervisning med dei tilsette, får me besøk av gjestar. Dei held seminar om ulike tema som ikkje alltid er musikkrelaterte.

Views: 396