Musikk og media

Vil du lage musikkvideo, skrive filmmusikk, ta gode bilder, lage innhald til sosiale medier? Lær deg å bruke profesjonelt utstyr, lær å redigere bilde, video og musikk, lær deg medieproduksjon.

Ny linje

Linja passar for deg som ønskjer å uttrykkja deg innan medieproduksjon eller filmmusikk. Du liker å filma og redigera. Ønskjer å gjennomføra eigen prosjekt innan kortfilm, musikkvideo, kunstfilm eller å komponere musikk til film.

Musikk og media

Ser du for deg bilder, video eller kunst når du høyrer musikk eller les ein tekst? Eller høyrer du musikk når du ser bilder osv.? Ynskjer du å laga ein musikkvideo? Vil du laga livestream av konsertar eller framsyningar? Vil du realisere ditt eige uttrykk? Eller trivast du best med å tolke andre sine draumar og tankar? Vil du skrive filmmusikk?

Meir om linja

På linja Musikk og media kan du læra nettopp dette, enten du er foran eller bak kamera. Du kan fordjupe deg i Filmmusikk eller Medieproduksjon. Du får innføring i musikkteori, komponering, musikkteknikk, lyd til film, foto- og videoteknikk, filmredigering, dramarturgi og sosiale medier mm.

Gjennom tett samarbeid med våre andre linjer får du jobbe med artistar, produsentar og komponistar med å skape og utvikle både image og produkt.

Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.

Du får vera med på å produsere skulen si prosjektveke, ta bilder og opptak av konsertar, laga musikkvideoar og eigne prosjekt.

Kreativitet, skaparglede og ekte opplevingar.

Me har starta eit samarbeid med filmkomponist, Morten Rognskog, som vil vera gjestelærar på skulen.

https://www.mortenrognskog.no/

https://norwegianfilmmusic.com/composer/morten-rognskog/

Meir info
Fag i faget

Visits: 57