Kanskje den beste folkehøgskulen i Norge
I lag med dyktige folk rundt deg får du utvikla ditt talent!
Kanskje den beste folkehøgskulen i Norge
I lag med dyktive folk rundt deg får du utvikla ditt talent!
Musikkfolkehøgskulen på Vestlandet
Manger er ein frilynt folkehøgskule med rundt 60 elevplassar, og ligg på Manger i Alver kommune utanfor Bergen. Skulen har mange linjer, moderne fasilitetar og lærarar med høg kompetanse. Ein liten skule med fullt fokus, store ambisjonar og mange forventningar.
Kvifor velje Manger?
Manger folkehøgskule er for deg som vil utvikle talentet ditt i eit kreativt miljø. Du møter erfarne og dedikerte lærarar som dekkjer eit breitt fagområde.
- Skulen har moderne utstyr og fasilitetar
- Du er tett på kulturlivet i Bergen
- Studietur er inkludert i prisen
- Liten skule – tett miljø
- Eit år med opplevingar, progresjon og læring
- Me har god erfaring med tilrettelegging for ulike behov
Dette står vi for
På Manger folkehøgskule møter du engasjerte tilsette som ser deg og vil ditt beste. Her finn du arenaer for venskap og personleg utvikling – kombinert med eit godt fellesskap og mykje entusiasme i kvardagen. Vi håper du etter eit skuleår på Manger, vil kjenna at du meistrar, bryr deg og på mange vis veit meir.
Skulestart 25/26
Tysdag 26. august Frammøte for elevane på Stipendiat-linja.
Onsdag 27. august Frammøtedag og første skuledag.
Views: 1630
