Musikken, kulturen og historien!
For deg som vil rappe og skrive – dyrke fram ditt uttrykk og formidle ditt budskap.
Musikken, kulturen og historien!
For deg som vil rappe og skrive – dyrke fram ditt uttrykk og formidle ditt budskap.
Hiphop – Rytmisk linje
Eit dykk inn i rapping, hiphop-musikken, kulturen og den korte, men svært innhaldsrike historien. Eit dykk inn i tekstskriving, av smarte, spyttende og morsomme linjer med ditt budskap. Linjer som du formidler på scenen og i studio.
Vi har både heil- og halvårskurs.
Meir om linja
Bli med i eit miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar frå fordjupningsfaga Artist og låtskrivar, Musikkproduksjon og Band: scene og studio. Kombinasjonen resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen.
Skulen har moderne og godt utstyrte studio som er opne fram til kl. 23 alle dagar.
Skulen er stolt over å ha knytt til seg Ralph Myerz (Erlend Sellevold) som hovudlærar. Ralph Myerz er ein anerkjend produsent og musikar. Han har vunne Spellemannspris for albumet Supersonic Pulse, og samtlege 6 album har solgt til gull eller platina. Den største inspirasjonskjelda er hiphop og r&b, men og andre sjangere som pop, deep house og disco.
Fire fordjupningsfag – tett samarbeid
Hiphop, Artist og låtskrivar, Band og Musikkproduksjon samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.
Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen er inkludert i skulepengane.
Utstyr og fasilitetar på skulen
På Manger folkehøgskule er me stolte over å ha ein heilt sjuk utstyrspark som spenner frå moderne datadrive utstyr til det akustiske og vintage.
Meir info
Studietur
Linjene Artist og låtskrivar, Band, Hiphop og Musikkproduksjon samarbeider mykje i løpet av skuleåret og det er derfor naturleg å dra på studietur saman. Målet for studieturen er å besøke nokre av dei mest nyskapande og hippaste miljøa i musikkbransjen. Tidlegare har turen gått til London, New York og Los Angeles, og me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage! Me besøker studio, scener og utøvarar frå mange ulike sjangre som kan dele av sine erfaringar og sitt kjennskap til det lokale musikklivet. Vi går også sjølvsagt på konsertar og forsøker å få med oss så mykje som mogleg av den lokale kulturen på alle måtar.
For skuleåret 22/23 reiste me til London
Uansett reisemål kan me garantere ein innhaldsrik og spanande studietur du aldri vil gløyme!
Fag i faget
- Musikkteknologi med Logic Pro X
- Bruk av mikrofonar.
- Produksjon og arrangement.
- Miksing. Bruk av verktøya EQ, kompressor, reverb.
- Musikkteori
- Bransjelære
Views: 233