Musikk og visuelt uttrykk
Korleis produsere sin eigen musikkvideo?
Eller livestreame konsert?

Ny linje
Vil du lage musikkvideo, skrive filmmusikk, ta gode bilder, lage innhald til sosiale medier? Lær deg å bruke profesjonelt utstyr, lær å redigere bilde, video og musikk, lær deg medieproduksjon.
Musikk og media
Ser du for deg bildar, video eller kunst når du høyrer musikk eller les ein tekst? Eller høyrer du musikk når du ser bildar osv.? Ynskjer du å laga ein musikkvideo? Vil du laga livestream av konsertar eller førestillingar? Vil du realisere ditt eige uttrykk? Eller trivast du best med å tolke andre sine draumar og tankar? Vil du skrive filmmusikk?
Meir om linja
På linja Musikk og media kan du læra nettopp dette, enten du er foran eller bak kamera. Du får innføring i foto- og videoteknikk, bilderedigering og medieproduksjon. Gjennom tett samarbeid med våre andre linjer får du jobbe med artistar, produsentar og komponistar med å skape og utvikle både image og produkt.
Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.
Du får vera med på å produsere skulen si prosjektveke, ta bildar og opptak av konsertar, laga musikkvideoar, og eigne prosjekt.
Kreativitet, skaparglede og ekte opplevingar.